Litt om meg: Med ein forkjærleik for bibliotek, litteratur, teater, språk, og kunst har universitetet vore eit spanande og givande steg i livet mitt, og no på det tredje året mitt er eg meir enn sikker på at NTNU var det rette valet for meg. Utanfor studia held eg meg roleg opptatt med bøker, teikneseriar, billedkunst, penn-og papir-rollespel, og turar når eg finn tid til det.
Motivasjon for å stille: I to semester no har eg fått halde vervet som instituttillitsvald, og kjensla av meistring og å få utretta ei viktig rolle for studentane ved instituttet er ei eg vil fortsetje å oppnå. Etter å ha vært i opplæring som vart drastisk endra midt i vårsemesteret, før så å ha fått ansvaret for to nye instituttillitsvalde no i haust veit eg at eg held fram å vekse og bli betre i jobben, og eg veit at med det gode teamet me tre tillitsvalde har blitt så kan den kurva berre forsetje å stige. Eg likar å føre oss studentar si sak, og det ynskjer eg å fortsetje med.
Eventuelt tidligere erfaring: To semester som instituttillitsvald ved ISL, noværande medlem i sosialistisk ungdom og norsk målungdom.